Reagerer på oljeopning

Fiskeflåten reagerer sterkt på oljeopning på Mørebankane.

Les også: Hørte ikke på Havforskningsinstituttet 27.02.2010

– Fiskeflåten reagerer sterkt på at Olje-og energidepartementet vil opne for oljeleiting nær dei viktige og sårbare fiske- og gyteområda på Mørebankane

Det seier styreleiar Tore Roaldsnes i Fiskebåtredernes Forbund (Fiskebåt).

Roaldsnes viser til at den fremste faginstansen, Havforskingsinstituttet, har frårådd petroleumsaktivitet i fleire av områda som no blir utlyste for oljeselskapa, melder Fiskebåt.

– Forskarane er uroa for at framtidig petroleums-aktivitet her kan true den biologiske produksjonen og funksjonen for økosystem Norskehavet. Dei aktuelle blokkene ligg nær dei sentrale gyteområda for eit av våre viktigaste fiskeslag, norsk vårgytande sild, og er også viktige gyte-og oppvekstområde for blant anna sei og torsk, seier Roaldsnes.

– Vi kan ikkje godta at fiskarane mistar viktige fleire viktige fiskefelt, slik det har skjedd i Nordsjøen, og at sentrale og sårbare gyteområde kan blir øyedelagde av oljeaktivitet, seier han.

Roaldsnes er svært forundra over at regjeringa foreslår å opne for petroleumsleiting i desse omstridde områda, samstundes som regjeringa har sagt at Møresokkelen skal fredast ut denne Stortings-perioden.