Vil ha treningssenter for vindparkar

Sogn og Fjordane fylkeskommune og NOWITECH signerte i dag ein intensjonsavtale om eit nasjonalt treningssenter for offshore vindparkar.

Intensjonen er å utvikle eit nasjonalt senter for utvikling og utdanning innan installasjon, drift og vedlikehold av havmølleparkar knytt til Sikkerhetssenteret i Måløy.

Avtalen blei signert av senterdirektør John Olav Tande ved NOWITECH og Fylkesordførar i Sogn og Fjordane, Nils R. Sandal.

Simuleringsmiljø for offshore vindparkar

Sikkerhetssenteret i Måløy har ein av Norges mest avanserte 360-graders skipssimulatorar, og har utvikla realistiske simuleringsmiljø for fullskala offshore vindparkar. Her er det mulig å teste ut alle typar marine operasjonar knytt til offshore vindkraft.

Intensjonsavtalen vart signert i Måløy i samband med Vindkraftforum 2010, arrangert av Vindkraftforum Sogn og Fjordane.

Olje- og energiminister Terje Riis-Johansen var til stades under signeringa og fekk demonstrert heilt nye, spesialutvikla modellkøyringar, for realistisk tryggleikstrening i offshore vindparkar.

Senterdirektør John Olav Tande fortel om bakgrunnen for at NOWITECH teiknar intensjonsavtalen.

- Det er behov for radikale forbetringar i teknologi for drift, vedlikehald og installasjon av offshore vindmøller, fortel Tande. 

Å kunne køyre avanserte simuleringar av slike løysingar før dei vert prøvd ut i full skala, slik det vert lagt til rette for ved Sikkerhetssenteret i Måløy, er av svært stor verdi for heile bransjen, seier Tande.

Fasilitetane som skal byggjast opp i Måløy, kan bli av stor betydning både for utdanning, FoU-aktivitetar og kommersielle aktørar si satsing på offshore vindkraft, ikkje minst for betre HMS og tryggleik, fortel Tande.

NOWITECH

NOWITECH (Norwegian Research Centre for Offshore Wind Technology) er eit av dei nasjonale forskingssentra for miljøvennleg energi, som blei oppretta av regjeringa i 2009. NTNU, SINTEF og Institutt for Energiteknikk (IFE) er sentrale partnarar i NOWITECH.

- Det er svært gledeleg å sjå at satsinga Sogn og Fjordane fylkeskommune har gjort på å bygge opp eit førsteklasses simulatormiljø ved Sikkerhetssenteret i Måløy, no får gjennomslag nasjonalt, seier Fylkesordførar Nils R. Sandal.

Fylkesordføraren peikar også på at tyggleikssenteret er ein del av eit større teknologimiljø i Måløy, retta inn mot offshore vind.

Miljøet inkluderar mellom anna eit hydrodynamisk testsenter for marine operasjonar (Stadt Towing Tank), eit samla produktutviklingsmiljø innanfor kompositt (EasyForm), og selskap som arbeider med å bygge spesialutvikla fartøy og teknologi for trygg tilkomst til offshore vindmøller (S-Cat bygd ved Måløy Verft og Sea Bridge utvikla av Brothers AS).

Les også: Åpner et 182 meter langt testanlegg 01.09.2009
 

E-post