– Eventyrleg seifiske

Vartdal-båten «Granit IV» fiska 820 tonn sei på ti dagar.

Sundag kom fabrikktrålaren til Ellingsøya for å levere, berre 14 dagar etter at den gjekk ut frå Vartal.

Ikkje rart at skipper Bjørn Moldskred og reiar Knut Grønnevet på «Granit IV» slit kraftig med å halde smilet unna. No er det eit skikkeleg eventyr vest i havet, skriv Sunnmørsposten.

– Normalt har det teke fem seks-veker på å fylle opp med sei, fortel skipper Moldskred.

Det fortel mykje om det eventyret som har uspelt seg, skriv avisa.

– Det har vore godt med fisk, men resultatet vårt er og eit resultat av at det vart investert i heilt ny fabrikk om bord. På denne turen har denne fungert svært godt, og ikkje minst har vi hatt eit mannskap som har stått på, seier Moldskred.

– Vi har produsert for fullt i to produksjonsliner heile tida. Vi har ein makskapasitet på rundt 50 tonn ferdig vare i døgnet. Og den kapasiteten har vi stort sett brukt for fullt heile tida. Vi hare vore opp i 80–100 tonn rundvekt i døgnet, fortel Moldskred til avisa.

Fangstverdien etter to vekers fangst, var rundt 9 millionar kroner.

Mandag kveld var båten tømt og kursen igjen sett til havs, retning Shetland. Skipper Bjørn Moldskred er rimeleg sikker på at han skal klare å fylle båten på rekordtid – ein gong til.

Gode prisar

Seifiskarane kan denne vinteren nyte godt av at høge fangstvolum er kombinert med gode prisar.

– Så langt i år er seiprisen i gjennomsnitt 20 prosent høgare enn i 2009. Og så langt vi har sett så langt er det framleis svært stor etterspørsel etter seien, fortel dagleg leiar i Sunnmøre og Romsdal Fiskesalslag, Sveinung Flem.

– Eg har inntrykk av at det går godt både for trålarane, garnbåtane og dei som driv meir kystnært, fortel Flem til avisa.