Konseptvalutgreiing Stad skipstunnel

Kystverket har på oppdrag frå Fiskeri- og kystdepartementet gjennomført ei konseptvalutgreiing av Stad skipstunnel.

Denne utgreiinga skal no gjennom ei ekstern kvalitetssikring (KS1). Dette vil danne grunnlag for regjeringa si avgjerd om korleis spørsmålet om Stad skipstunnel skal handterast vidare.

Dei eksterne konsulentane vil no vurdere når kvalitetssikringa kan vere ferdig. Arbeidet er i rute i høve til det som er sagt i Nasjonal transportplan 2010-2019, skriv Fiskeri- og kystdepartementet i ei pressemelding.

Ein skipstunnel gjennom Stadtlandet har blitt utgreidd i fleire omgangar, både på 1990-talet og 2000-talet. Konseptvalutgreiinga i 2010 er gjort av Det Norske Veritas og Samfunns- og næringsforskning AS, og er ei vidareføring av ei utgreiing som vart starta i 2007.

Les også: Utset Stad skipstunnel 14.05.2010

Les også: Ikkje pengar til skipstunnel 13.10.2009

Råder ifrå bygging av tunellen

Utgreiinga anbefalar, ut frå ei heilskapsvurdering, å ikkje bygge ein skipstunnel gjennom Stadlandet. Dersom ein skipstunnel skal byggjast, anbefalar den at ein går for løysinga Liten skipstunnel.

Reverseringa i anbefalinga frå 2007, har mellom anna si forklaring i at både potensiell ventetid for skip ved Stad og risikoanalysen har blitt nedjustert. Ulempene/kostnadane ved tiltaket vert for høge i høve til fordelane/nytten, skriv Kystverket i ei pressemelding.

Les meir
Konseptvalutgreiinga med vedlegg kan lastast ned her:
Konseptvalgutgreiing - Stad skipstunnel (pdf - 6.65 MB)

Les også: Presiseringer om Stad skipstunnel 20.01.2011