Risikoanalyse for Hordaland på høyring

Fylkesmannen i Hordaland har i dag lagt FylkesROS Hordaland 2009 ut til høyring, med høyringsfrist 28. august 2009.

FylkesROS er ein risiko- og sårbaranalyse på overordna nivå for Hordaland fylke, og skal vere eit grunnlagsdokument for det vidare arbeidet med ROS-analysar i kommunar, fylkeskommune, regionale statlege etatar og andre samfunnsviktige verksemder.

Arbeidet med revisjon av FylkesROS vart starta opp hausten 2008. I desember 2008 fastsette styringsgruppa mandat for arbeidet, metodeval og akseptkriteria.

Sidan den gong har meir enn 100 personar fordelt på 10 arbeidsgrupper, styringsgruppe og prosjektstab vore involvert i arbeidet.

Arbeidsgruppene leverte sine bidrag 18. mai i år. Dette materialet er no sett saman til eitt dokument. Dette utkastet vart handsama i styringsgruppa 12. juni 2009, og merknadene frå møtet er innarbeidd i den versjonen som no er sendt på høyring.

FylkesROS Hordaland 2009 tek føre seg følgjande tema:

  • Akutt forureining
  • Atomulykker
  • Epidemiar og helseberedskap
  • Fiskesjukdomar og oppdrett, dyresjukdomar og landbruk
  • Klimaendringar og naturulykker
  • Storulykker og masseskadar
  • Svikt i kritisk infrastruktur

I tillegg inneheld dokumentet følgjande kapittel:

  • Innleiing
  • Risiko i samfunnet
  • Metodeval og akseptkriteria
  • Evaluering av FylkesROS Hordaland 2004
  • Oppsummering og vegen vidare