Tapte 55 millionar på torskeoppdrett

For Norsk Marin Fisk, med hovudkontor i Davik i Nordfjord, enda 2008 med eit underskot før skatt på 55 millionar kroner, eit stengt setjefiskanlegg og betalingsstans for yngelanlegget.

Selskapet er ifølgje årsmeldinga avhengig av ny kapital, betre marknadstilhøve eller ny verksemd på selskapets lokalitetar for å kunne eksistere vidare, skriv Bergens Tidende.

Dagleg leiar og storaksjonær Stig Bakke set sin lit til stigande torskeprisar.

– Prisen på oppdrettstorsk har stige med åtte kroner pr. kilo i løpet av tre veker. Den ligg på no på 32–33 kroner per kilo for 2–3 kilos torsk. Selskapet tener pengar med ein pris på rundt 35 kroner per kilo seier Bakke til avisa.

Selskapet arbeider med å få inn ein partnar og leggje om drifta i setjefiskanlegget frå torsk til laks. Ei løysing skal vere klar i løpet av hausten, seier Bakke til avisa.

I dotterselskapet Bremar Yngel har selskapet fått ein avtale med kreditorane om betalingsstans fram til utgangen av oktober. Alle tilsette er permittert eller sagt opp.