Rekordlåg lakserømming i 2012

Fiskeridirektoratet har ved utgangen av 2012 fått melding om rømming av 38.500 laks i 2012, det lågaste talet i dette årtusenet.

Samstundes er det meldt inn rømming av 133 000 regnbogeaure og 55 000 torsk, opplyser fiskeridirektoratet i ei pressemelding.

Totalt er det meldt inn at det har rømt ca. 226 500 fisk frå oppdrett i Noreg i 2012. Dette er 145 600 færre enn i 2011 og om lag ein million fisk mindre enn for rekordåret 2006, då det rømte vel 1,2 millionar fisk. Men Fiskeridirektoratet tek atterhald om at det kan vere meldingar eller episodar i 2012 som ikkje er meldt inn.

– Dette er gledelege tal og det viser at målretta arbeid i næringa og i forvaltninga bær frukter. Men no er det viktig at oppdrettarane sjekkar anlegga sine nøye med tanke på det dårlege været som har vore i deler av landet på slutten av året, seier fiskeridirektør Liv Holmefjord.

Ny teknologi og settefiskoffensiv

Fiskeridirektøren peikar på to tilhøve som har bidrege til å redusere talet på rømingar og ikkje minst storleiken på dei enkelte rømingane.

  • Næringa si vilje til å investere i betre og sikrare teknologi etter innføringa av ny teknisk standard (NYTEK).
  • Målretta arbeid for å få bort rømming frå settefiskanlegg – pålegg om dobbelsikring.

Rømming frå matfiskanlegg har i mange tilfeller handla om store enkeltrømmingar, ofte med menneskeleg svikt som årsak.

– Store rømingar der heile anlegg kollapsar ser vi heldigvis no svært lite av. Oppdrettarane har tatt røming alvorleg og resultatet ser vi no. Nye og strengare tekniske krav kombinert med større bevisstheit og betre arbeidsrutinar fører til mindre røming, seier Holmefjord.

– Mindre «tidlegrømt» oppdrettsfisk i elvane

I 2012 har Fiskeridirektoratet hatt ein offensiv mot rømming av fisk frå settefiskanlegg. Nesten alle anlegg er kontrollerte i fjor og dei siste par åra, og dei resterande vil få besøk av direktoratets folk dette året. Å redusere og deretter få bort all rømming frå settefiskanlegg, vil ta bort genetisk påverknad frå settefiskanlegg på omkringliggande elvar, framhevar Holmefjord.

– Dette har alt hatt effekt. Rådgivande biologar AS melder til oss at det er konstatert mindre tidlegrømt oppdrettslaks i elvane i 2012 enn året før. Saman med reduserte rømmingstal for 2012 viser dette at vi er på rett veg, men det er viktig at oppdrettsnæringa og vi som skal forvalte og føre tilsyn med næringa har merksemda vår retta mot eit mål om at vi ikkje skal ha rømming, seier fiskeridirektør Liv Holmefjord.