Eksportpris kr 42,30 i veke 14

Eksportprisen for fersk laks gjekk opp med 1,98 kroner frå veke 13 til veke 14 i 2015.

I veke 14 i 2015 var eksportprisen for fersk laks 42,30 kroner per kilo, tilsvarande ein auke på 4,9 prosent samanlikna med veka før. Det syner nye tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB).

Eksportkvantumet for fersk laks i veke 14 enda på 12.240 tonn, tilsvarande ein reduksjon på 39,7 prosent frå veka før, då eksportkvantumet var 20.283 tonn. Som for tidlegare år, var eksportkvantumet av laks lågt i påskeveka.

I veke 14 vart det eksportert 335 tonn frosen laks, og prisen var 39,44 kroner per kilo. Sjå meir om statistikken nedst i denne artikkelen.

Tabell: Eksport av laks

Fersk laks Frosen laks
År Veke Tonn Kr/kg Tonn Kr/kg
2015 14 12 240 42,30 335 39,44
13 20 283 40,32 463 46,43
12 19 019 41,79 502 45,94
11 17 767 42,47 724 44,31
10 15 920 41,14 681 45,53
9 16 173 39,10 514 45,61
8 15 864 41,76 594 47,00
7 14 634 44,78 557 46,64
6 14 693 43,43 646 45,46
5 14 810 39,78 469 45,25
4 16 444 44,31 439 49,59
3 15 946 46,28 505 46,34
2 15 622 45,77 379 46,74
1 9 466 45,57 114 51,14

Statistikk for tidlegare år
Eksportprisar for laks i år: 2014, 2013, 2012, 2011, 2010.

Meir om statistikken
Vekerapporten viser eksport av fersk, kjølt og frosen oppalen heil laks, med og utan hovud og med alle vektklassar og kvalitetar inkludert. Også fisk som vert seld på kontrakt er inkludert i statistikken. For frosen laks er biprodukt utelatne. Den rapporterte prisen er verdien ved passering over norsk grense, og inkluderar mellom anna frakt- og terminalkostnader. Frå og med 2012 er utvalde varenummer 03.02.1411, 03.02.1419, 03.03.1311 og 03.03.1319, etter endring i norsk tolltariffnomenklatur. I perioden 2000-2011 var utvalde varenummer 03.02.1201, 03.02.1202, 03.03.2201 og 03.03.2202.