Eksportpris kr 57,41 i veke 21

Arkivfoto: Slakting av laks på Hitra. Foto: Tom Haga / Norwegian Seafood Council
Arkivfoto: Slakting av laks på Hitra. Foto: Tom Haga / Norwegian Seafood Council

Eksportprisen for fersk laks gjekk ned 8,30 kroner frå veke 20 til 21 i 2016.

I veke 21 2016 var eksportprisen for fersk laks 57,41 kroner per kilo, tilsvarande ein nedgang på 12,6 prosent samanlikna med veka før. Det syner nye tal frå Statistisk sentralbyrå.

Eksportkvantumet for fersk laks i veke 21 enda på 16.324 tonn, tilsvarande ein auke på 32,5 prosent frå veka før, då eksportkvantumet var 12.320 tonn. Grunna 2. pinsedag og 17. mai, var det to færre yrkedagar i veke 20 enn elles, noko som ga redusert slaktekapasitet.

I veke 21 vart det eksportert 79 tonn frosen laks, og prisen var 52,15 kroner per kilo. Sjå meir om statistikken nedst i denne artikkelen.

Eksport av laks, kvantum og pris:
År 2016 Fersk laks Frosen laks
Veke Tonn Kr/kg Tonn Kr/kg
21 16 324 57,41 79 52,15
20 12 320 65,71 200 50,17
19 17 283 62,19 286 51,49
18 14 032 56,88 240 58,20
17 15 425 55,65 337 56,24
16 15 169 56,47 359 54,66
15 16 367 55,56 316 56,67
14 15 627 59,03 314 52,48
13 13 750 61,98 173 52,70
12 10 405 62,51 333 52,85
11 17 936 57,88 395 52,77
10 16 059 56,07 377 51,82
9 16 087 58,48 296 43,81
8 14 627 58,54 405 51,51
7 14 682 56,95 315 52,12
6 14 323 53,21 337 43,61
5 14 839 51,27 575 51,21
4 15 700 49,24 334 50,85
3 16 115 54,56 445 47,31
2 14 655 61,64 380 48,60
1 14 173 57,27 297 47,90

Statistikk for tidlegare år
Eksportprisar for laks i år: 201520142013, 2012, 2011, 2010.

Meir om statistikken
Vekerapporten viser eksport av fersk, kjølt og frosen oppalen heil laks, med og utan hovud og med alle vektklassar og kvalitetar inkludert. Også fisk som vert seld på kontrakt er inkludert i statistikken. For frosen laks er biprodukt utelatne. Den rapporterte prisen er verdien ved passering over norsk grense, og inkluderar mellom anna frakt- og terminalkostnader. Frå og med 2012 er utvalde varenummer 03.02.1411, 03.02.1419, 03.03.1311 og 03.03.1319, etter endring i norsk tolltariffnomenklatur. I perioden 2000-2011 var utvalde varenummer 03.02.1201, 03.02.1202, 03.03.2201 og 03.03.2202.

E-post