Eksportpris kr 61,50 i veke 43

Eksportprisen for fersk laks gjekk opp med 0,14 kroner frå veke 42 til veke 43 i 2016.

I veke 43 i 2016 var eksportprisen for fersk laks 61,50 kroner per kilo, tilsvarande ein oppgang på 0,2 prosent samanlikna med veka før. Det syner nye tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB).

Eksportkvantumet for fersk laks i veke 43 enda på 16.888 tonn, tilsvarande ein reduksjon på 1,5 prosent frå veka før, då eksportkvantumet var 17.137 tonn.

I veke 43 vart det eksportert 496 tonn frosen laks, og prisen var 65,71 kroner per kilo. Sjå meir om statistikken nedst i denne artikkelen.

Tabell: Eksport av laks

År 2016 Fersk laks Frosen laks
Veke Tonn Kr/kg Tonn Kr/kg
43 16 888 61,50 496 65,71
42 17 137 61,36 500 63,63
41 16 770 59,67 635 61,19
40 18 261 58,64 785 56,34
39 19 426 55,39 987 58,89
38 19 576 53,36 661 60,69
37 18 559 52,78 714 60,62
36 18 063 55,28 710 65,00
35 16 810 56,47 281 63,07
34 16 188 56,36 409 60,71
33 16 680 59,23 369 59,36
32 16 386 59,61 374 64,77
31 15 413 57,52 441 65,27
30 14 947 59,41 317 70,08
29 13 629 65,12 272 70,85
28 13 694 70,38 154 62,14
27 11 925 70,96 332 62,19
26 12 619 65,02 270 58,64
25 13 845 67,40 253 62,35
24 14 209 69,44 258 58,89
23 12 500 64,70 319 62,95
22 15 456 57,91 283 57,06
21 16 324 57,41 79 52,15
20 12 320 65,71 200 50,17
19 17 283 62,19 286 51,49
18 14 032 56,88 240 58,20
17 15 425 55,65 337 56,24
16 15 169 56,47 359 54,66
15 16 367 55,56 316 56,67
14 15 627 59,03 314 52,48
13 13 750 61,98 173 52,70
12 10 405 62,51 333 52,85
11 17 936 57,88 395 52,77
10 16 059 56,07 377 51,82
9 16 087 58,48 296 43,81
8 14 627 58,54 405 51,51
7 14 682 56,95 315 52,12
6 14 323 53,21 337 43,61
5 14 839 51,27 575 51,21
4 15 700 49,24 334 50,85
3 16 115 54,56 445 47,31
2 14 655 61,64 380 48,60
1 14 173 57,27 297 47,90

Statistikk for tidlegare år
Eksportprisar for laks i år: 2015, 2014, 2013, 2012, 2011, 2010.

Meir om statistikken
Vekerapporten viser eksport av fersk, kjølt og frosen oppalen heil laks, med og utan hovud og med alle vektklassar og kvalitetar inkludert. Også fisk som vert seld på kontrakt er inkludert i statistikken. For frosen laks er biprodukt utelatne. Den rapporterte prisen er verdien ved passering over norsk grense, og inkluderar mellom anna frakt- og terminalkostnader. Frå og med 2012 er utvalde varenummer 03.02.1411, 03.02.1419, 03.03.1311 og 03.03.1319, etter endring i norsk tolltariffnomenklatur. I perioden 2000-2011 var utvalde varenummer 03.02.1201, 03.02.1202, 03.03.2201 og 03.03.2202.