Eksportpris kr 58,52 i veke 1

Arkivbilde: Slakting av laks på Hitra. (Foto: Tom Haga for Norges sjømatråd).
Arkivbilde: Slakting av laks på Hitra. (Foto: Tom Haga for Norges sjømatråd).

Eksportprisen for fersk laks gjekk opp 2,29 kroner frå veke 52 i 2017 til veke 1 i 2018.

I veke 1 2018 var eksportprisen for fersk laks 58,52 kroner per kilo, tilsvarande ein oppgang på 4,1 prosent samanlikna med veka før. Det syner nye tal frå Statistisk sentralbyrå.

Eksportkvantumet for fersk laks i veke 1 enda på 14.259 tonn, tilsvarande ein auke på 44,0 prosent frå veka før, då eksportkvantumet var 9.901 tonn. Merk at veker der jul og nyttår inngår, normalt viser låge eksportkvanta.

I veke 1 vart det eksportert 158 tonn frosen laks, og prisen var 53,80 kroner per kilo. Sjå meir om statistikken nedst i denne artikkelen.

Eksport av laks, kvantum og pris:
År 2017 Fersk laks Frosen laks
Veke Tonn Kr/kg Tonn Kr/kg
1 14 259 58,52 158 53,80

Statistikk for tidlegare år
Eksportprisar for laks i år: 20172016201520142013, 2012, 2011, 2010.

Meir om statistikken
Vekerapporten viser eksport av fersk, kjølt og frosen oppalen heil laks, med og utan hovud og med alle vektklassar og kvalitetar inkludert. Også fisk som vert seld på kontrakt er inkludert i statistikken. For frosen laks er biprodukt utelatne. Den rapporterte prisen er verdien ved passering over norsk grense, og inkluderar mellom anna frakt- og terminalkostnader. Frå og med 2012 er utvalde varenummer 03.02.1411, 03.02.1419, 03.03.1311 og 03.03.1319, etter endring i norsk tolltariffnomenklatur. I perioden 2000-2011 var utvalde varenummer 03.02.1201, 03.02.1202, 03.03.2201 og 03.03.2202.

E-post