Eksportpris kr 67,57 i veke 10

Arkivfoto: Slakting av laks på Hitra. Foto: Tom Haga / Norwegian Seafood Council
Arkivfoto: Slakting av laks på Hitra. Foto: Tom Haga / Norwegian Seafood Council

Eksportprisen for fersk laks gjekk opp 2,41 kroner frå veke 9 til 10 i 2018.

I veke 10 2018 var eksportprisen for fersk laks 67,57 kroner per kilo, tilsvarande ein oppgang på 3,7 prosent samanlikna med veka før. Det syner nye tal frå Statistisk sentralbyrå.

Eksportkvantumet for fersk laks i veke 10 enda på 15.825 tonn, tilsvarande ein auke på 3,9 prosent frå veka før, då eksportkvantumet var 15.230 tonn.

I veke 10 vart det eksportert 470 tonn frosen laks, og prisen var 53,64 kroner per kilo. Sjå meir om statistikken nedst i denne artikkelen.

Eksport av laks, kvantum og pris:
År 2018 Fersk laks Frosen laks
Veke Tonn Kr/kg Tonn Kr/kg
10 15 825 67,57 470 53,64
9 15 230 65,16 526 53,26
8 15 688 62,20 365 51,86
7 15 052 56,52 317 55,30
6 16 515 54,69 372 51,48
5 17 266 56,86 402 50,60
4 17 441 56,96 301 52,74
3 16 479 55,46 363 56,60
2 17 007 57,28 296 53,14
1 14 259 58,52 158 53,80

Statistikk for tidlegare år
Eksportprisar for laks i år: 20172016201520142013, 2012, 2011, 2010.

Meir om statistikken
Vekerapporten viser eksport av fersk, kjølt og frosen oppalen heil laks, med og utan hovud og med alle vektklassar og kvalitetar inkludert. Også fisk som vert seld på kontrakt er inkludert i statistikken. For frosen laks er biprodukt utelatne. Den rapporterte prisen er verdien ved passering over norsk grense, og inkluderar mellom anna frakt- og terminalkostnader. Frå og med 2012 er utvalde varenummer 03.02.1411, 03.02.1419, 03.03.1311 og 03.03.1319, etter endring i norsk tolltariffnomenklatur. I perioden 2000-2011 var utvalde varenummer 03.02.1201, 03.02.1202, 03.03.2201 og 03.03.2202.

E-post