Eksportpris kr 71,75 i veke 13

Arkivbilde: Slakting av laks på Hitra. (Foto: Tom Haga for Norges sjømatråd).
Arkivbilde: Slakting av laks på Hitra. (Foto: Tom Haga for Norges sjømatråd).

Eksportprisen for fersk laks gjekk opp 6,63 kroner frå veke 12 til 13 i 2018.

I veke 13 2018 var eksportprisen for fersk laks 71,75 kroner per kilo, tilsvarande ein oppgang på 10,2 prosent samanlikna med veka før. Det syner nye tal frå Statistisk sentralbyrå.

Eksportkvantumet for fersk laks i veke 13 enda på 11.423 tonn, tilsvarande ein reduksjon på 40,3 prosent frå veka før, då eksportkvantumet var 19.138 tonn. Eksportkvantumet pleier å vere lågt i påskeveka.

I veke 13 vart det eksportert 264 tonn frosen laks, og prisen var 57,02 kroner per kilo. Sjå meir om statistikken nedst i denne artikkelen.

Eksport av laks, kvantum og pris:
År 2017 Fersk laks Frosen laks
Veke Tonn Kr/kg Tonn Kr/kg
13 11 423 71,75 264 57,02
12 19 138 65,12 281 58,33
11 17 862 67,94 253 59,62
10 15 825 67,57 470 53,64
9 15 230 65,16 526 53,26
8 15 688 62,20 365 51,86
7 15 052 56,52 317 55,30
6 16 515 54,69 372 51,48
5 17 266 56,86 402 50,60
4 17 441 56,96 301 52,74
3 16 479 55,46 363 56,60
2 17 007 57,28 296 53,14
1 14 259 58,52 158 53,80

Statistikk for tidlegare år
Eksportprisar for laks i år: 20172016201520142013, 2012, 2011, 2010.

Meir om statistikken
Vekerapporten viser eksport av fersk, kjølt og frosen oppalen heil laks, med og utan hovud og med alle vektklassar og kvalitetar inkludert. Også fisk som vert seld på kontrakt er inkludert i statistikken. For frosen laks er biprodukt utelatne. Den rapporterte prisen er verdien ved passering over norsk grense, og inkluderar mellom anna frakt- og terminalkostnader. Frå og med 2012 er utvalde varenummer 03.02.1411, 03.02.1419, 03.03.1311 og 03.03.1319, etter endring i norsk tolltariffnomenklatur. I perioden 2000-2011 var utvalde varenummer 03.02.1201, 03.02.1202, 03.03.2201 og 03.03.2202.

E-post