Eksportpris kr 66,79 i veke 17

Arkivfoto: Slakting av laks på Hitra. Foto: Tom Haga / Norwegian Seafood Council
Arkivfoto: Slakting av laks på Hitra. Foto: Tom Haga / Norwegian Seafood Council

Eksportprisen for fersk laks gjekk ned 0,53 kroner frå veke 16 til 17 i 2018.

I veke 17 2018 var eksportprisen for fersk laks 66,79 kroner per kilo, tilsvarande ein nedgang på 0,8 prosent samanlikna med veka før. Det syner nye tal frå Statistisk sentralbyrå.

Eksportkvantumet for fersk laks i veke 17 enda på 14.510 tonn, tilsvarande ein reduksjon på 3,9 prosent frå veka før, då eksportkvantumet var 15.094 tonn.

I veke 17 vart det eksportert 190 tonn frosen laks, og prisen var 59,83 kroner per kilo. Sjå meir om statistikken nedst i denne artikkelen.

Eksport av laks, kvantum og pris:
År 2018 Fersk laks Frosen laks
Veke Tonn Kr/kg Tonn Kr/kg
17 14 510 66,79 190 59,83
16 15 094 67,32 240 61,15
15 15 751 68,21 237 56,25
14 13 953 71,50 187 50,36
13 11 423 71,75 264 57,02
12 19 138 65,12 281 58,33
11 17 862 67,94 253 59,62
10 15 825 67,57 470 53,64
9 15 230 65,16 526 53,26
8 15 688 62,20 365 51,86
7 15 052 56,52 317 55,30
6 16 515 54,69 372 51,48
5 17 266 56,86 402 50,60
4 17 441 56,96 301 52,74
3 16 479 55,46 363 56,60
2 17 007 57,28 296 53,14
1 14 259 58,52 158 53,80

Statistikk for tidlegare år
Eksportprisar for laks i år: 20172016201520142013, 2012, 2011, 2010.

Meir om statistikken
Vekerapporten viser eksport av fersk, kjølt og frosen oppalen heil laks, med og utan hovud og med alle vektklassar og kvalitetar inkludert. Også fisk som vert seld på kontrakt er inkludert i statistikken. For frosen laks er biprodukt utelatne. Den rapporterte prisen er verdien ved passering over norsk grense, og inkluderar mellom anna frakt- og terminalkostnader. Frå og med 2012 er utvalde varenummer 03.02.1411, 03.02.1419, 03.03.1311 og 03.03.1319, etter endring i norsk tolltariffnomenklatur. I perioden 2000-2011 var utvalde varenummer 03.02.1201, 03.02.1202, 03.03.2201 og 03.03.2202.

E-post